Bli støttespelar av idrettslaget

Å drive eit idrettslag som held på med amerikansk fotball og cheerleading kostar ikkje så mykje. Men å handle inn det spelarutstyret og treningsmateriellet utøvarane treng, spesielt i amerikansk fotball, kostar ein del.

Idrettslaget har derfor tatt mål av seg, no i fyste omgang, til å samla inn 250.000,- kronar for å kunne tilby utøvarane i amerikansk fotball skikkelige trenings- og utviklingsforhold så snart som mogeleg. Allereie har kommunen tildela oss 5.000,- på vegen frem, noko me sjølvsagt er svært takknemlege for.

Om du er komen til desse sidene etter å ha motteke eit brev med ein førespurnad om støtte, så takkar vi for at du har teke tid til å finne ut meir. Vi forstår sjølvsagt at alle ikkje kan støtte alt, og støttar du allereie lokalt barne- og ungdomsarbeide, er vi er først og fremst takksam for det. Men skulle du også finne rom for å støtte vårt idrettslags tilbod, er vi sjølvsagt spesielt takksamme for det.

Her på sidene finn du meir om korleis du kan støtte og korleis idrettslaget kan gjengjelde dette, forhåpentlegvis på ein måte som gjer at du føler du får noko att for støtta.

Velkommen til eit utradisjonelt idrettstilbod i eit utradisjonelt idrettslag!